Bretonforum
Diskusjonsforum for Norsk Breton Klubb
|
| Vis Forrige Tema :: Vis Neste Tema |
| Av |
Innlegg |
lonse
Ble Medlem: 09 Jun 2009 Innlegg: 4
|
Skrevet: Man 17. Mai 2010 21:40 Tittel: den første jaktprøven |
|
|
Hei, jeg vurderer og stille min breton SG Leon på jaktprøve til høsten, både høyfjell og lavland. Er det noen forskjeller i regler og gjennomføring i de forskjellige prøvene? Er helt nybegynner på jaktprøve, og dette er også min første hund. Han er 2 år og må vel stille i AK. Så litt generell info ang jaktprøver fra noen som har erfaring ville vært helt topp
Mvh Fredrik |
|
| Til Toppen |
|
 |
JBS
Ble Medlem: 20 Nov 2005 Innlegg: 93
|
Skrevet: Tir 18. Mai 2010 16:24 Tittel: |
|
|
Hei Fredrik
Prøvereglane på dei to greinene er like, det er to hundar ute i slepp samstundes, og slepptida er ca 20 min. Av og til mindre/meir. Ein må ha minst 60 minutt slepptid for å få ein 1AK. Den store forskjellen er nok fuglen ein "jaktar" på, og type terreng.
Hunden må sjølvstendig finne fugl, reise på kommande og være roleg i oppflukt og skudd. Nektar hunden å reise fugl eller går den etter fuglen når den lettar, så er dette diskvalifiserande og hunden blir slått ut.
Lettar fuglen før ein får gitt reisingsordre, så skyt likevel (det blir nytta 9 mm startpistol). Eit fuglearbeid utan reis kan gje ein 2AK eller 3AK alt etter kor presis standen er (at fuglen letter der ein forventar det i forhold til kor "nasa peiker"), kor godt hunden går i søk (den skal ha god fart og intensitet) og at hunden er sjølvstendig i søket.
Heftar hunden seg med makker, kan den bli slått ut. Det vanlege er at ein får ein ny makker, og då må hunden komme seg i søk på eigenhånd, viss ikkje er det over og ut.
Ein hund som går i AK, skal respektere makkers stand. Dvs at er den like ved når makker går i stand, eller kjem på makker ute i slepp når den står, så skal din hund sekundere standen til makker (altså ta stand ved synet av den andre hunden sin stand). Er hunden din eit stykke unna når makker går i stand, så kall inn hunden eller få den til å sitte/dekke. Vi må gjere det vi kan for å ikkje øydeleggje for den andre hunden.
Har hunden gått godt gjennom alle sine slepp og hatt fuglearbeid med reis, så ligg den godt an til ein 1AK. Men då må ein kunne leggje fram eit apportbevis eller vise apport ute i terrenget. Ein må då ha med eigen fugl til dette. Eg vil anbefale å ha eit apportbevis, då mykje kan skje i fjellet og hunden som til vanleg er så flink til å apportere kan plusseleg nekte dette. Eit apportbevis får ein ved å vise apport til ein autorisert dommar. Det vil bli moglegheit for dette på landstreffet på Fosnavåg i sommar.
Om ein hund har 1 fuglearbeid med reis, og eks 3 utan reis, så er dette sjølvsagt nok til ein 1AK. Dommaren har då fått sett at hunden reiste fugl på kommando, så om dei 3 andre arbeida er utan reis (at fuglen lettar før ein kjem fram til hunden), så er det altså heilt ok.
Det som dei fleste missar premiar på, er nok at hunden er for uroleg når fuglen lettar. Så tren godt på grunndressuren! Tren gjerne på tamfugl for å få dette "spissa", men overdriv ikkje denne type trening.
Dersom ein hund tar tomstand, så kan dette være med å senke premiegrada. Dersom alt anna er heilt "SUPERT", så skal nok ein blindstand ikkje gjere det store. Tar hunden mange blindstandar i løpet av dagen, så kan det være med å slå hunden ut. Hunden blir då for lite effektiv i forhold til aktiv jakt.
Lær deg å kjenne hunden din, så veit du når du kan rope hunden av gårde og når tid du skal følgje den opp. Følgjer ein opp for mange tomstandar, så kan ein være med å "fram-elske" at hunden står tom og det er ikkje bra.
På hausprøvene kan det være varmt, og gjerne lite tilgang på naturleg vatn i terrenga. Hugs då å ta med vatn til hunden! Litt mat kan også gjere seg, men ikkje så mykje at hunden blir "døsig". Det kan være greit å ha litt mat i ein del vatn, så får hundne i seg begge deler.
Det kan også være lurt å "teste" hunden saman med andre ukjente hundar i samslepp i terrenget. Det brukar å være ein del samlingar i dei forskjellige "breton distrikta" kvar haust og vinter, og det kan være veldig greitt å være med på dette uformelle før ein stiller til start på prøve.
Hugs å meld deg på i god til før fristen, då det på enkelte prøver er stor pågang.
Håpar du har fått til info så kan gjere til at du er klar for prøve til hausten ??
Og ein siste ting...ein 3AK er ein god premie (eg hadde kanskje litt mykje fokus på 1AK..)! Hugs på alle dei som stiller til start kvar dag i prøvesesongen, og det er berre dei ferraste som klarer ein premie! Så om den første premien er ein 2 eller 3AK, så er dette ein prima start! (og det blir gjerne mange startar før ein får ein premie...!!)
Lykke til
Mvh
Jan B. Skrøppa _________________ JBS
Sist endret av JBS den Tir 18. Mai 2010 19:05, endret 1 gang |
|
| Til Toppen |
|
 |
lonse
Ble Medlem: 09 Jun 2009 Innlegg: 4
|
Skrevet: Tir 18. Mai 2010 18:37 Tittel: takk |
|
|
Takk for flott svar, jobber med apport beviset nå og satser på og ha et bevis iløpet av sommeren. Blir spennende!!!  |
|
| Til Toppen |
|
 |
|
|
Du kan ikke starte nye temaer i dette forumet Du kan ikke svare på temaer i dette forumet Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet Du kan ikke delta i avstemninger i dette forumet
|
Powered by phpBB © 2001, 2005 phpBB Group
|